Hei og hopp.
Stod ikkje noko utropsteikn der nei, tenk det du! Sitjer og funderar over korleis søren eg skal få skrive et essay til vår gode fredag, men det er jo like så greitt å skrive noko på denne usannsynleg stilige sida. Så oppdatert som eg er har eg jo snoka litt rundt og sett at nokon av klassens høyereståande bloggare skriv diverse tull og tøys. Inkludert boklister.
Ergo - bok man skal lese:
Boudica - Dreaming the Eagle av Manda Scott.
Dette er ei bok som ekskluderer fantasi, drager og lesare med virkelegheitsfjerne tankar og det som verre er. Denne boka handlar (ja, eg skriv verb med -ar. Sjå kor bra det ser ut!) derimot om Britannia i tida romerane invaderar. Ja dette er storbritannia folkens. Dette er eit stammesamfunn som består i all hovedsak av krigere, jegere og drøymare. Krigerane kriger, jegerene går på jakt og drøymarane drøymer om guder. Kort sagt; ei god bok.
Helsingar frå Åsmund
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
åååsmund:D Så flink du er til å blogge da!
helsning
Det høyrast ut som ein særs original roman. Skjønar eg deg rett når eg forstår at dette er meint som ei historisk roman og ikkje som ei fantasy-roman?
Du les mykje - kva er det som skil denne frå andre bøker du likar?
Ja, det er ei historisk roman. Det som skil den frå andre bøker eg les er at ho er saklig og relaterer seg til historisk materiale i staden for å vere skreve om fantasimøl pakka med snodig humor.
Det er ikkje så ofte ein finn gode historiske romanar - iallefall ikkje frå relativt "fjern" fortid. Då er dei anten veldig romantiske eller ganske slett skrive.
Så dette høyrest ut som ei god tilråding.
Legg inn en kommentar